VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

fredag 28. desember 2012

VINTER VED HOVDEVATNET























Det kom ei passande mengde med snø i romjula og i dag var veret såpass fint at eg tok meg ein spasertur ut til Hovdevatnet. Godt å få lufte kropp og sjel i desse juletider.



 Eit gammalt og skakt naust. Sjarmerande synest eg.



Framleis spor etter Dagmar.........



 Eit gammalt og knudrete tre strekkjer greinene mot himmelen.



 Det var ein vindfull spasertur, her er det skikkelig rennefokk.



Denne kameraveska til å henge rundt livet fekk eg i julegåve av mine nærmaste og den testa eg i dag. Super var den! Mitt kamera er ganske tungt å bere på, men med denne veska er det ikkje noko problem lenger. Enkelt å få kameraet opp og ned av veska. Den kan henge både foran og bak, men eg synest den var best å ha bak når eg gjekk. Raskt å snu den fram når ein skal bruke kameraet. Kan også brukast som skulderveske.


mandag 24. desember 2012

FANTASTISK MORGONHIMMEL










Laurdag  morgon var det ein fantastisk fin farge på himmelen. Det såg nesten ut som den sto i brann. Slik fargeprakt er sjeldan å sjå her, og iallefall i slutten av desember!
Det har vore ein desember av det sjeldne slaget på desse kantar  med nokså stabilt ver, lite eller inkje nedbør og lange perioder med kaldt eller mildt ver.

torsdag 20. desember 2012

SKUMRINGSTIME















Det er vel ikkje alle som dreg med seg kamera på julehandel, men det har eg gjort i dag....
Med slike fantastisk flotte dagar som vi har no må berre kameraet ligge i veska. Tungt å bere på,men vel verdt det når ein finn slike flotte motiv.
Desse bileta er tekne ved Amfi i Ørsta seint ettermiddag i dag. Dei tre første er tekne på veg inn på kjøpesenteret og det siste etter at eg var ferdig.

tirsdag 18. desember 2012

HEILT HIMMELSK











Dei siste dagane har himmelen vore forskjellig frå dag til dag.  I dag såg det ut som det var strødd ulldottar i fint mønster over heile himmelen. Veldig spesielt og fasinerande! Ikkje vanskelig å finne fine motiv når ein har slik ein flott desember!

søndag 16. desember 2012

FIN DESEMBER















Desember har vore ekstra fin i år. Det har rett nok vore eit skiftande ver med både svært kalde perioder og milde perioder .
Desse bilda er tekne ein fin morgon like etter at det vart lyst.

onsdag 12. desember 2012

ØRSTA I VINTERSKRUD








Frå arbeidsplassen min midt i Ørsta sentrum har eg ei fantastisk utsikt mot Skåla og Saudehornet.
Med ei utruleg fin desembersol i fjella, nysnø, 10 kalde minusgrader og kamera i veska vart fristelsen for stor i dag..... Tynnkledd og i lavesko sprang eg ut i vinterkulda for å ta eit par bilde.
Det er vanskelig å gjengi fargen på sola i fjellet, den var nok litt meir gylden enn det ser ut her.
Prøvde med forskjellige innstillingar, synest desse vart finast totalt sett. Her er kvitbalansen innstilt på sol.

fredag 7. desember 2012

KALDE DAGAR











Det er kalde dagar i Ørsta for tida. Desse bileta er tekne i kveldinga på veg heim frå arbeid.
Tilfeldigvis hadde eg kamera med meg og eg måtte berre svinge ned om hamna då eg såg kor vakkert det var! Målaren viste 12 minusgrader.

onsdag 28. november 2012

NATURENS KUNSTVERK















Naturen er ein fantastisk kunstnar som lagar dei flottaste kunstverk ein kan tenkje seg!
Det er vel desse bileta eit bevis på......

lørdag 24. november 2012

FISKING VED FESTØYA














Kven skulle vel tru at desse bileta er tekne 24.november!
Dette er ved fergekaia på Festøy i Ørsta kommune ein nydeleg novemberdag.
Lyset var så utruleg fint og eg var glad eg hadde kamera med meg!

Til høgre bak fiskebåten ser ein Hundeidvik, heilt til venstre ligg Magerholm.
Fjorden som går inn omlag midt i bildet er Storfjorden.


lørdag 10. november 2012

NOVEMBERKVELD

På vei til Rema og helgas handlerunde laurdag ettermiddag måtte eg berre fram med kameraet og forevige dette nydelige synet ut Ørstafjorden. Har vorte flinkare å ta med meg kameraet når eg dreg ut av huset og det lønner seg!
Her ser vi Helgehornet til venstre og Lidaveten litt til høgre midt i bildet.





 Her har eg snudd linsa mot Hovdebygda.














Då vi kom ut etter handlerunda var det nesten mørkt ute og då måtte eg prøve om eg fekk til nokre klare bilde. Det er ikkje så enkelt utan stativ, men ved å sitje i bilen og støtte kameraet i det opne vinduet gjekk det bra!

lørdag 3. november 2012

KVELDSHIMMEL


Dette synet møtte oss på vei heimatt frå Bjørke i ettermiddag. Og då måtte vi sjølvsagt stoppe for litt fotografering. Bildet er teke ved Saursvatnet.

tirsdag 30. oktober 2012

VAKKER FULLMÅNE




























Det er fullmåne for tida og den er så utruleg vakker at eg måtte ut på verandaen med kamera i kveld igjen. I dag utstyrt med stativ og trådlaus fjernutløysar.