VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

tirsdag 30. oktober 2012

VAKKER FULLMÅNE




























Det er fullmåne for tida og den er så utruleg vakker at eg måtte ut på verandaen med kamera i kveld igjen. I dag utstyrt med stativ og trådlaus fjernutløysar.

mandag 29. oktober 2012

FULLMÅNE


 Månen på vei fram frå Sandhornet. Enno litt dagslys att. Det er i blåtimen......



 Her byrjar det verte litt mørkt. Vanskeleg å få klare bilde pga lang lukketid.







På dette bildet har eg brukt stativ for her var det heilt mørkt.


søndag 28. oktober 2012

GYLDEN MORGON



















Søndagsmorgon og minus 6 grader.

Det vert mykje same motiva på bilda mine, men sånn er det når ein har ei så flott utsikt. Kunsten er å unngå hustak og piper, men det er ikkje så enkelt når ein bur midt i eit byggjefelt.....



lørdag 27. oktober 2012

MÅNELYST



             Dette bildet er teke frå verandaen min i kveld, to dagar før fullmåne.
             Vinterleg og vakkert, men litt for tidleg med vinter enno synest eg.
             Fjellet som månen heng over heiter Verhaldet.

torsdag 18. oktober 2012

GRÅTT



 Helgehornet til venstre, Lidaveten midt i bildet.












Grått kan også vere fint. Det er desse bilda eit bevis på. Ein litt grå og trist ettermiddag men med eit fantastisk lys.
Hausten kan vere så mangt. Gylden, grå, blå, brun, klar, disig, tåkete....og mykje meir....

Bilda er tekne på Ose i Ørsta.

tirsdag 16. oktober 2012

MORGONHIMMEL

























Desse bilda er tekne frå verandaen i dag tidleg idet det grydde av dag og like før sola kom fram.
Ein klar og fin morgon med eit fantastisk lys............

lørdag 13. oktober 2012

GYLDEN HAUST

Vi har hatt nokre fantastisk flotte haustdagar her på Sunnmøre i det siste. Gyldne haustfargar mot knallblå himmel er utruleg vakkert og inspirerer til å ta med kameraet ut på tur.
Det gjorde eg og mannen i dag. Vi tok rett og slett beina fatt og gjekk mot Hovdevatnet på jakt etter fine motiv. Og det var det sanneleg ikkje vanskeleg å finne.














Helgehornet speglar seg i  det blikkstille Hovdevatnet. Stort vakrare enn dette kan det vel ikkje verte..........












Her er det Melshornet som får spegle seg.........



 Fisking på Badeberga.........



Mot Ytrestøylen. Fjella i bakgrunnen er i Volda kommune.




Idyll ved Badeberga.















Alle bilde kan klikkast større.


Slik haust som dette har vi ikkje hatt på mange år. Så her er det berre å nyte dagane og suge inn alle dei nydelege fargane og ikkje minst den gode lukta av haust. Synd at ikkje den kjem med på bilda!



fredag 12. oktober 2012

MORGON I ØRSTA


 Fredag morgon i det sola er i ferd med å kome fram.....


 Frostrøyken ligg over Ørstafjorden.


 Så kjem tåka sigande frå Hovdevatnet.......



 Og vi ser knapt mot Ørsta............




 Ei lita stund seinare ........og vi ser Ose igjen. (Bilda kan klikkast større)

Alle bilde er teke frå verandaen min i morgontimane i dag.
Kan ikkje seie anna enn at det er vakkert .

Ein nydeleg dag til den som måtte finne vegen inn hit!




onsdag 10. oktober 2012

VELKOMMEN TIL FOTOBLOGGEN MIN

Då har eg gjort alvor av tanken om å lage ein eigen fotoblogg.
Startar med å legg ut nokre haustbilde.



 Ved Fyrde i Austefjorden.



Honndøla bru i Hornindal.












Ved elva Rauma





Ved Vatnevatnet i Ørsta...........


 
Også Vatnevatnet....



Regnboge over Hovdebygda.