VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

tirsdag 27. august 2013

I HAUSTSKOGEN







Fine haustdagar innbyd til skogsturar og bærplukking.
Denne dagen var det tytebær vi gjekk etter.
Og det var heldigvis ikkje vanskeleg å finne.
3,5 kg var dagens fangst.
Med på turen var også kamera.


Flott utsikt mot Ytrehovden.
Det spisse fjellet til venstre i bakgrunnen
er Liadalsnipa.


Det er mykje rognebær i år.
Så gjenstår det å sjå kva slags vinter vi får.
Nokre seier at så mykje rogn -
så mykje snø vert det. Medan andre seier at
rogna ikkje skal bere to store bører
på eit år.



Men flotte er dei i allefall.
Få ting er vel så typisk haust som rognebær.



Eit einsleg tytebær
er ein dekorasjon i seg sjølv.



Dei nydelegaste vannliljer på Hovdevatnet!
Det bles friskt og bølgene laga eit fantastisk spel i vatnet!






 Enno litt blomar att i naturen.
Her er Blåknapp.



 Smørblome eller Engsoleie.



Godt mogne bringebær heng over vatnet.