VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

søndag 27. oktober 2013

RUNDE

I dag vart det nok ein fototur på meg og mannen. Vi sette oss i bilen utan mål men vart 
raskt enige om at vi ville ta turen "ut mot havet".
På veg gjennom Eiksundtunnelen fortalde mannen at han aldri hadde vore på Runde!
Er det mulig! Underteikna har rett nok heller ikkje vore der sidan
ein skuletur i 1977 så då kom vi fram til at det var på tide med ein tur dit.

 Vi køyrde først heilt til vegs ende som er Goksøyr.
Ein rask stopp der på snuplassen for litt fotografering.










 Fantastisk utsikt mot fastlandet. Er neimen ikkje sikker på kva vi ser, men synest fjellet
midt i bildet liknar mistenkjeleg på Sukkertoppen i Ålesund. 
Men det kan hende eg er fullstendig på villspor :)



 Så køyrde vi tilbake til Runde og tok ein stopp på hamna der.








Gamle sjøbuder.







Fiskebåt ved hamn. Rossen.







 Koseleg gatemiljø på hamna.



 Her skulle eg hatt telelinse! På steinen midt i biletet sat ein hegre som eg prøvde og liste meg innpå.
(Om du klikkar på bileta vert dei litt større)


 Men eg kom  den visst litt for nære for brått letta den frå steinen den sat på.....



 .....og landa elegant på ein stein litt lenger ute.



 Men denne måseflokken brydde seg ikkje om meg i det heile teke!



Her ved der brua startar med utsikt mot Kvalsvika heilt til venstre.
Det vart vitja nokre fleire øyar også men det lyt eg vise i eit seinare innlegg.

mandag 21. oktober 2013

DEN FØRSTE FROSTEN


No i helga hadde vi dei første skikkelege frostnettene.
Og sidan det enno er sommardekk på bilen vart det ein
fottur i nærområdet i staden for biltur som vi hadde tenkt.


Og det var ikkje noko dårleg alternativ, for motiva sto i kø langs vegen.
Har vist mange bilete frå dette området tidlegare,
men med frost og rim såg det brått heilt heilt annaleis ut.
Her er det frosne rognebær og nyper som ser ut som dei er dyppa i sukker.



























































Synest det passar bra og avslutte med bilete av dette paret som ruslar hand i hand
og ikkje anar noko om at dei vart foreviga. Likar veldig godt
dette biletet.... synest det er så talande. 


fredag 18. oktober 2013

TÅKE


Sist søndag var ein strålande flott haustdag.
Men det starta ikkje slik.
Vi vakna til ganske tett tåke som ikkje heilt ville lette.
Det letna litt og tetna så til att.
Men eg og mannen bestemte oss likevel for å dra på fototur,
tok sjansen på at det kanskje var lettare i indre strok.

 Vi la i veg innover mot Austefjorden og kom raskt over tåka.
Køyrde ikkje så veldig langt før vi tok første stopp for fotografering.
Her er det Hjartåbygda som stikk ut av tåkehavet.



 Litt lenger inne vart det stopp for raudt lys pga. vegarbeid
og då nytta eg høvet til å knipse litt.
Her mot Høydalen.



 Så vart det eit stopp i Selvikhamrane med utsikt mot Håvika.



 Neste stopp var ved Aurstad og her ser vi tåka er i ferd med å løyse seg opp.
Det gav ei trolsk stemning.



 Aurstad mot Hamre i Austefjorden



 Litt lenger inne mot Fyrde har tåka løyst seg opp opp den er nesten vekk.
Her ser vi over mot Skinnvika.



 Utover mot Aurstad ligg det enno att litt tjukk tåke.



 Storevatnet ved Nes låg så blankt at sola og tåkedottane spegla seg i det.







Storevatnet med utsikt mot Gjersdalen.

Og det var det siste vi såg av tåka.
Lenger inn i fjordane var det strålande sol og klarver!

fredag 11. oktober 2013

VAKRE HAUSTFARGAR



















































Denne øyenstikkaren landa på ryggen til mannen.


















Eg gir meg ikkje heilt med haustbilete endå!
Når naturen tek på seg haustskruden og viser seg frå si fagraste side kan eg ikkje sete heime!
Difor vart det nok ein tur til Hovdevatnet i dag
med kamera på slep. Det er så mykje vakkert å sjå at minnebrikka vart heilt full!
Så det var vanskeleg å plukke ut bilete,
kunne gjerne lagt ut dobbelt så mange men får vel begrense meg:)