Det er kaldt og vakkert på Sunnmøre for tida.
Desse bileta er tekne ved badeplassen i Ørsta der utsikta ut gjennom fjorden er fantastisk! Og med slikt eit lys var eg overlukkeleg for å ha kamera i bilen. Bileta er tekne i skyminga i dag på veg heim frå jobb og temperaturen låg på 9 minus.
Lukka var stor då eg gjekk ut av bilen og oppdaga svanene som låg i strandkanten.
Desverre trekte dei seg litt utover då eg forsiktig nærma meg dei. Skulle ønske eg hadde telelinse,
men det har eg altså ikkje.......
Tips: klikk på bilda så får du sjå dei i større format.
Heilt nydelige bilde. Det er eit supert vær til å få flotte motiv i. Men kun det også...alt for kaldt til tobeinte frysekjeppa.
SvarSlettDei sa det var eit slikt flott nordlys i går. Eg såg det ikkje...kanskje det var meir ut i øyane det var.
Helsing frå amatør knipsern.
Aldeles nydelege bilde !!
SvarSlettEg likar også å fotografere. Kan for lite, har meldt meg på kurs for
nybegynnarar med start i februar.
Fint her på Sunnmøre no, men kaldt.
Eg bur i nabokommuna di, ut mot havet, og syns det er forferdeleg
kaldt sjøl om det er berre 6-7 gr.
Legg meg til som fylgjar på denne bloggen òg :)
Helsing Anne-Mari