VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

søndag 27. oktober 2013

RUNDE

I dag vart det nok ein fototur på meg og mannen. Vi sette oss i bilen utan mål men vart 
raskt enige om at vi ville ta turen "ut mot havet".
På veg gjennom Eiksundtunnelen fortalde mannen at han aldri hadde vore på Runde!
Er det mulig! Underteikna har rett nok heller ikkje vore der sidan
ein skuletur i 1977 så då kom vi fram til at det var på tide med ein tur dit.

 Vi køyrde først heilt til vegs ende som er Goksøyr.
Ein rask stopp der på snuplassen for litt fotografering.










 Fantastisk utsikt mot fastlandet. Er neimen ikkje sikker på kva vi ser, men synest fjellet
midt i bildet liknar mistenkjeleg på Sukkertoppen i Ålesund. 
Men det kan hende eg er fullstendig på villspor :)



 Så køyrde vi tilbake til Runde og tok ein stopp på hamna der.








Gamle sjøbuder.







Fiskebåt ved hamn. Rossen.







 Koseleg gatemiljø på hamna.



 Her skulle eg hatt telelinse! På steinen midt i biletet sat ein hegre som eg prøvde og liste meg innpå.
(Om du klikkar på bileta vert dei litt større)


 Men eg kom  den visst litt for nære for brått letta den frå steinen den sat på.....



 .....og landa elegant på ein stein litt lenger ute.



 Men denne måseflokken brydde seg ikkje om meg i det heile teke!



Her ved der brua startar med utsikt mot Kvalsvika heilt til venstre.
Det vart vitja nokre fleire øyar også men det lyt eg vise i eit seinare innlegg.

1 kommentar:

  1. Du skulle hatt med telelinsa ja, så hadde du kanskje sett oss :-)Det er nok sukkertoppen du kan skimte. Vi ser Runde frå byen. Flotte bilder som alltid. Du er flknk

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!