VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

fredag 1. november 2013

KVALSVIK


Her er fortsettelsen på forrige innlegg.
Etter å ha forlete Runde køyrde vi til Fosnavågen og vidare over til Nerlandsøy.
Fasinerande med alle desse høge og tildels smale bruene som på eit blunk tek oss til ei ny øy!
Etter 5km. på ei ganske kronglete og vêrutsett vegstrekning kom vi til Kvalsvik.

 Ei fredeleg og litt forblesa grend med utsikt rett til Runde og Rundebrua.



 Runde heilt til venstre.
Langt i det fjerne midt i biletet ser vi Sukkertoppen og Ålesund.
Fekk bekrefta at det stemmer.






 Her ser vi "baksida" av Runde - Rundebranden til høgre.
Fyret høyrer til Kvalsvika.



 Langt ut i horisonten - midt i biletet kan ein sjå konturane av eit skip.
(Det var den telelinsa eg skulle hatt då......)



 Rundebranden sett frå Kvalsvika.



 Utover langs moloen var ei imponerande menge med nyper!
Fargen var av den mest intense eg har sett!!
Skal tru om det er den friske havlufta som gjer dei så flotte?












  Best vi gjekk der så opna alle himmelens sluser seg i ei kraftig regnbyge -
medan sola enno skein.....



...... og like brått som den kom stoppa den.
Rakk nesten ikkje verte våt ein gong.



 På veg tilbake over brua såg vi dette flotte lyset og hadde mest lyst til å stoppe midt oppå
brua for fotografering. Men sidan det er ei smal bru og vi hadde bil bak vart det litt 
vanskeleg. Så istaden tok vi av til høgre rett over brua og kom til Igesund.
Her ved veis ende. Snakk om å jakte på lyset!



 Her har eg snudd meg andre vegen - mot brua og Nerlandsøy til venstre.



 På veg til Eiksundtunnelen måtte vi berre snu tilbake til Eiksund for nok ein gong å
prøve å fange det magiske lyset!







 Stemningsfullt ved Eiksund!




TIPS:
Om du klikkar på første biletet kan du sjå dei som lysbileteframsyning ved å klikke
vidare på bileta.

1 kommentar:

  1. Mange flotte bilde frå bilturen til øyane i Herøy.
    Mang ein søndagstur har me vore på desse traktene :)

    God helg-klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!