VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

mandag 9. februar 2015

Fleire vinterbilde


Desse biletaa er frå forrige veke -  dagen etter at det hadde kome nysnø.
Då sola viste seg var det eit vakkert landskap som openberra seg og andre gjeremål måtte 
leggast til side til fordel for ein tur ut med kameraet. Resultatet ser du her.
Rett og slett vakkert!











































































Håper du hadde glede av turen langs Hovdevatnet du også:)

fredag 26. desember 2014

Walking in the winther wonderland


På tide å børste støv av fotobloggen!
Det er visst nøyaktig eit halvt år sidan forrige innlegg.
Då var det sommar...no er det vinter....skikkelig vinter for ein gongs skuld.
Og det vert det fine bilde av. I dag vart kameraet med meg på ein 2,5 timars lang spasertur.
Og her er nokre av bileta frå turen. Som vanleg vanskeleg å plukke ut bilete
sidan det vart nærare 300 stk!
 To forletne sparkstøttingar parkert
så fint oppå benken ved Hovdevatnet.
Skodda låg trolsk over vatnet.

Let bileta tale for seg sjølv vidare:














































tirsdag 24. juni 2014

Tur til Flø igjen.



























































Flø i Ulstein kommune er ein av dei vakraste plassane på Sunnmøre.
Å kome til Flø er som å kome til ein annan verden. I allefall for oss som er vande med fjordar og høge fjell. Bileta er tekne på ein vakker midtsommardag.


mandag 19. mai 2014

PUS


"Hei, mitt namn er Nussi......

"Hello, my name is Nussi....



...berre set her og kvilar meg litt eg. Er så koselig her mellom blomane.

......just sitting here, taking a rest. It's so nice here between the flowers.



Eg vert så sliten av å jakte på alt som lear på seg.
Dessutan er eg ei gammal dame no. Er visst ingen som trur det 
men eg er heile 17 år. Men eg er enno ganske sprek sjølv om
høyrselen er nesten borte.

I am getting so tired of hunting all things that's moving.
Besides, i'm an old lady now. Noboby belives it but i am 17 years old!
But i am in good shape even though i'm almost deaf.


 Godt å berre sitje her....

Nice just sitting here.....



 Kan no vaske meg litt sidan eg likevel set her....

I can clean my self a little since i'm sitting here anyway......



 pusse meg litt mellom tærne....

lick myself between the toes...



 Er så mangt som festar seg i klørne....




Kva var det? Var det ein fugl, kanskje?

What was that sound? A bird, maybe?



 Best eg går for å undersøke....

I better go check......




Hadde uansett sete lenge nok i ro no.
Ha det bra!"

I've been resting long enough anyway.
Bye bye!"

søndag 4. mai 2014

Bondalen og Hjørundfjorden




































Dagens fototur gjekk til fantastiske Bondalen og Sæbø.
Det manglar ikkje på flotte fotomotiv i desse omgjevnadane, her er det berre å plukke frå øverste hylle. Fjella og fjorden er nærast maleriske og hadde det ikkje vore slik iskald nordavind hadde det nok vorte mange fleire bilete. Etter ein seanse i fjøresteinane på Sæbø vart det ein tur innom Bellingen for å kjøpe is sjølv om eg hadde neglesprett. Isen vart fortært på ein benk ved Bondalselva ....første gong eg har ete is med hanskar på, men det var heilt nødvendig i dag!