VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

torsdag 24. januar 2013

BLÅTIME












Det er framleis kalde dagar her hos oss og mange flotte motiv å finne.
I dag svinga eg meg nedom hamna på veg heim frå arbeid for å knipse nokre bilde. 
Har visst teke mange bilete med desse fjella i bakgrunnen, men slik vert det når eg køyrer forbi kvar dag og ser kor flott det er ut gjennom fjorden og har kamera i bilen!



fredag 18. januar 2013

KALDT OG VAKKERT










































Det er kaldt og vakkert på Sunnmøre for tida.
Desse bileta er tekne ved badeplassen i Ørsta der utsikta ut gjennom fjorden er fantastisk! Og med slikt eit lys var eg overlukkeleg for å ha kamera i bilen. Bileta er tekne i skyminga i dag på veg heim frå jobb og temperaturen låg på 9 minus.

Lukka var stor då eg gjekk ut av bilen og oppdaga svanene som låg i strandkanten.
Desverre trekte dei seg litt utover då eg forsiktig nærma meg dei. Skulle ønske eg hadde telelinse,
men det har eg altså ikkje.......

Tips: klikk på bilda så får du sjå dei i større format.

tirsdag 1. januar 2013

1.JANUAR 2013



Eg er så heldig at eg bor slik til at eg kan berre ta på meg skoa og gå rett ut i naturen. I romjula gjekk eg langs vegen ut til Hovdevatnet, idag tok eg av etter eit par hundre meter og gjekk gjennom skogen slik at eg kom til andre sida av vatnet. Der er flotte turstiar så med mildveret som har vore siste dagane gjekk det fint å gå der. Rett nok litt isete her og der men då er det berre å gå ved sidan av stien.


 Mot Ytrestøylen.


Lidaveten til venstre, Liadalsnipa til høgre. Når du kjem frå Ålesund og køyrer mot Ørsta vil Liadalsnipa vise seg som ein høg og majestetisk topp, eit landemerke.





















Det var ikkje vanskelig å finne fine motiv denne formiddagen 1.januar. Etter ei lang jule- og nyårshelg var det godt å røyve på kroppen. Eg likar aller best å gå i naturen og med den nye kameraveska går det som ein leik!



GODT NYTT ÅR!!!






















Med desse bileta vil eg ynskje godt nytt år til alle som finn vegen innom fotobloggen min!


                                               TAKK FOR BESØKET OG
                                                VELKOMMEN ATTENDE!


                                               Helsing frå Alvhild B.S.

fredag 28. desember 2012

VINTER VED HOVDEVATNET























Det kom ei passande mengde med snø i romjula og i dag var veret såpass fint at eg tok meg ein spasertur ut til Hovdevatnet. Godt å få lufte kropp og sjel i desse juletider.



 Eit gammalt og skakt naust. Sjarmerande synest eg.



Framleis spor etter Dagmar.........



 Eit gammalt og knudrete tre strekkjer greinene mot himmelen.



 Det var ein vindfull spasertur, her er det skikkelig rennefokk.



Denne kameraveska til å henge rundt livet fekk eg i julegåve av mine nærmaste og den testa eg i dag. Super var den! Mitt kamera er ganske tungt å bere på, men med denne veska er det ikkje noko problem lenger. Enkelt å få kameraet opp og ned av veska. Den kan henge både foran og bak, men eg synest den var best å ha bak når eg gjekk. Raskt å snu den fram når ein skal bruke kameraet. Kan også brukast som skulderveske.


mandag 24. desember 2012

FANTASTISK MORGONHIMMEL










Laurdag  morgon var det ein fantastisk fin farge på himmelen. Det såg nesten ut som den sto i brann. Slik fargeprakt er sjeldan å sjå her, og iallefall i slutten av desember!
Det har vore ein desember av det sjeldne slaget på desse kantar  med nokså stabilt ver, lite eller inkje nedbør og lange perioder med kaldt eller mildt ver.

torsdag 20. desember 2012

SKUMRINGSTIME















Det er vel ikkje alle som dreg med seg kamera på julehandel, men det har eg gjort i dag....
Med slike fantastisk flotte dagar som vi har no må berre kameraet ligge i veska. Tungt å bere på,men vel verdt det når ein finn slike flotte motiv.
Desse bileta er tekne ved Amfi i Ørsta seint ettermiddag i dag. Dei tre første er tekne på veg inn på kjøpesenteret og det siste etter at eg var ferdig.