VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

fredag 29. mars 2013

I KVELDINGA











Fine dagar gjev fine kveldar og vakkert lys! Desse bileta er tekne like ved Eidsnakktunnelen ved Kalvatn i Austefjorden på veg heim frå Bjørke i kveld.  På det siste biletet har eg brukt ei anna innstilling på kameraet og fekk då andre fargar i fotoet. Det er vel dei fargane som er rettast - men eg synest dei to fyrste fekk eit magisk og litt trolsk lys.

tirsdag 26. mars 2013

PÅSKEMÅNE


























Fullmånen fasinerer meg. Veit ikkje heilt kvifor - men synest det er noko magisk ved den. Og når veret er så fantastisk flott som no må ein berre ut med kamera for å prøve å fange dei spesielle fargane. Her har eg brukt telelinse. Desse blåfiolette fargane er vanskeleg å få rette synest eg.
Men fekk dei bra fram på nokre av bileta.



I det eg står og fotograferer månen høyrer eg eit voldsomt skrål bak meg. Snur meg raskt med kameraet og rekk å fange nokre av kråkene som heldt på og samle seg til "kråketing" som vi seier her.



fredag 22. mars 2013

FJORD OG FJELL



Dette biletet er teke frå Flisnes i Ålesund kommune mot Hjørundfjorden
og dei majestetiske fjella der.
(Klikk på bileta så får du sjå dei i stort format)



Det høgste fjellet litt til venstre i biletet er Skopphornet i Sykkylven.




Og her er kameraet vendt mot Sykkylven.







Fin kveldshimmel.

mandag 18. mars 2013

NORDLYS














Seint søndag kveld kunne vi sjå nordlys over Ørsta. Eg vart desverre litt seint oppmerksom på det så eg fekk nok ikkje med meg det flottaste lyset. Dessutan var det litt skyer så forholda var ikkje optimale. Men synest det er eit flott og spesielt syn uansett.

lørdag 9. mars 2013

I FJØRA




























Det flotte veret vi har no inspirerer verkeleg til fotografering. I dag var eg og mannen ein tur i fjøra ved badeplassen i Ørsta for å forevige litt av naturens kunstverk. Vi måtte avstad og sjå på nært hald dei fantastiske skulpturane isen hadde laga rundt steinane inne i Bogen. Det viser tydelig på dei   øverste bileta. Var mest som å kome inn i eit eventyrland - og isen knasa under beina med ein litt hul lyd. Veldig godt og gå der og kjenne den bleike vårsola varme. Men der var også ein bitande kald vind så turen vart ikkje så langvarig.

fredag 8. mars 2013

DET VÅRAST!



























Endeleg er vi komne til mars - fyrste vårmånaden! Det har vel vore meir vinter enn vår så langt i mars, men dei små teikna på at våren er i anmarsj er der. Dei siste dagane har vi hatt eit strålande
ver med sol frå skyfri himmel og med kalde netter. I dag tidleg var det 9 kalde grader.
Dei fyrste bileta er tekne frå småbåthamna i Ørsta i ettermiddag. Dei to siste er frå strandlinja på Ose.  På det neste siste har eg kameraet vendt mot Hovdebygda, på det siste har eg snudd meg andre vegen. Det viser Ørsta sentrum og fjellet Saudehornet heilt til høgre.