VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

søndag 27. april 2014

Snøskred - Avalanche












































Sidan me har eit slikt nydeleg ver for tida bestemte eg og mannen oss for å ta ein køyretur for litt fotografering. Turen enda i Norangsdalen. Like etter at me hadde gått ut av bilen for ein liten rast høyrde me eit voldsomt brak over hovuda våre. Og utfor fjellet stupte det eit svært snøskred. Eg var klar for å ta beina fatt og røme unna, medan mannen derimot tenkte fotografering og var raskt framme med kameraet. Då kunne ikkje eg vere noko dårlegare og resultatet ser du her. Ganske spektakulære bilete! Raset kom heldigvis ikkje mot oss men me fekk sprøyten over oss tilslutt. Og den var iskald! Ei skremande men også utruleg fascinerande oppleving!

Tips:
Klikk på første bilde så kan du sjå det som ein biletserie.


These photos are from the spectacular Norangsdalen in Hjørundfjorden.
An avalanche came down from the mountain nearby where we were standing and we could feel the cold air from it. It was an scary but also an fascinating experiense!

Click om the first picture and you can see the avalanche as a photo-serie.

2 kommentarer:

  1. Spektakulært og skremande.
    Eg trur eg hadde sprunge derifrå....
    Det er store krefter i sving. Fantastisk bildeserie !

    SvarSlett
  2. Verkeleg flotte bilde av ei mektig fascinerande oppleving. Jammen har de gode nervar som turde å stå så nærme! :)

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!