VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

mandag 4. november 2013

UT MOT HAVET....


I dag skal eg ta dykk med på nok ei reise ut mot havet.
Og eg må berre advare..... her er mange bilete! Det vart rett og slett vanskeleg å velgje
mellom alle dei vel 200 bileta eg tok! Minnebrikka vart fylt til randen
og eg måtte til å slette litt for å få plass til meir! Her trengst det større minnebrikke!

 Nok ein gong tok vi turen gjennom Eiksundtunnelen og til Herøy - der var nemleg fleire plassar vi
ikkje har vore tidlegare og som vi ikkje rakk over sist. Denne søndagen tok vi turen til 
Moltustranda. Fyrste stopp var småbåthamna der.
Øyane ein ser på biletet er Nerlandsøy til høgre og Skorpa til venstre.



 Vêret viste seg frå si beste side denne første søndagen i november.
Og for oss som er vande med fjordar og høge fjell vart det ei fantastisk oppleving å kome ut
til havgapet og møte dette storslåtte synet! Lyset var berre heilt magisk !


 På eit lite skjer rett utanfor hamna sat ein skarv og lufta vengjene sine!



 Heldigvis hadde mannen med telelinse denne gongen så då fekk eg låne den!



 Den brukte eg også til å zoome inn Svinøya.



 Her har vi køyrt litt lenger og stansa på ein plass der det var nokre gravrøyser i strandkanten.
Der var det greitt å kome seg heilt ned til fjøresteinane. Det bles friskt og bårene slo godt
inn mot land. I bakgrunnen ser ein Nerlandsøy (der det er mest hus).



Å liggje på kne mellom store rullesteinar, med kameraet retta mot bårene som kom
rullande innover mot land var litt av ei oppleving! 






 Eit av favorittbileta mine.



Ikkje dumt dette heller. Her ser ein sjøsprøyten som går høgt til vers!




 Blankpolerte steinar.
Sandsøya i bakgrunnen.



 Spektakulær utsikt.
Sandsøya midt i biletet og til høgre.
Dette er teke like før Gjerdsvika.


 Nordenden på Sandsøya.



Utsikt og fargar til å misse pusten av!



Her har vi køyrt fordi Gjerdsvika og stoppa på eit nes. 
Sandsøya til høgre.



Og her har vi komt tilbake til Eiksund.
Vakker novembersol!



Naustrekkja solar seg i den bleike ettermiddagssola.
I bakgrunnen den majestetiske Liadalsnipa.

Håper du likte rundturen:)

1 kommentar:

  1. Eg likte godt dei flotte bilda dine ja !
    Mang ein søndagstur har me hatt rundt Gurskøya.
    Naturen og utsikta på nordsida er fantastisk.

    Klem

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!