VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

mandag 20. mai 2013

HIMMELSKE DAGAR


























Her har det nesten gått direkte frå vinter til sommar siste dagane. Med temperaturar på oppmot 25 grader har sommarfølelsen verkeleg kome! Desse bileta vart tekne på veg heim frå Bjørke i kveld. Dei to fyrste er frå Austefjorden og dei fire siste er tekne ved Berknes i Volda. Rettnok ein omveg på veg heim då - men slik går det når ein er på jakt etter fine motiv!

onsdag 8. mai 2013

VAKKER VÅRKVELD


























Etter ein ekstrem kald og sein vår var det veldig godt å kjenne litt varme i dag. Med temperatur oppmot 20 grader minna det meir om sommar enn vår!  Den fine kvelden vart nytta til hagearbeid. Utover kvelden vart himmelen finare og finare i nordvest medan ein regnboge kom til syne over himmelen i søraust.  Så då måtte eg skunde meg inn og hente kameraet så eg fekk knipse nokre bilete før regnet kom. Og akkurat i det byrja å verte mørkt kom regnet.