VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

søndag 23. juni 2013

BJØRKE




















Bygda Bjørke som ligg inst i vakre Hjørundfjorden er heimbygda mi. Det er ei lita bygd som ligg klemt nedimellom høge fjell så langt inn i Hjørundfjorden ein kan kome. Bygda er fråflytningstruga og mange gardsbruk er ikkje lenger i drift. Skule,post og butikk er forlengst nedlagt og om vinteren er det ein ganske død plass. Men om sommaren vaknar bygda til liv! Eit av landets eldste og best bevarte gardstun, Bakketunet ligg her. Der er det kunstutstillingar og andre aktivitetar gjennom sommaren. Her er handverkskafe, antikk låvesalg, open gard og ein kan få guida fjelltur av bygdas eigen fjellguide. Sjølv har eg eit konsept som heiter Postkjellaren Tekstil&Nostalgi. Der sel eg mine sjølvlaga tekstilprodukt og i tillegg er der ei unik post-og telegrafutstilling. Så det er vel verdt å ta ein søndagstur til Bjørke! Dei fleste av desse har ope kvar søndag om sommaren.

Theese photos are from Bjørke at the beautiful fjord Hjørundfjorden.