VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

fredag 28. mars 2014

Solnedgang


Vi har hatt nokre fantastisk flotte dagar i det siste med nydelige solnedgangar.
Sidan vi ikkje ser sola går ned her vi bor måtte vi ta turen til ein plass ein gjer det.
Så då tok vi like godt turen heilt ut i havgapet. 

 Dette er teke på veg mot Moltustranda.







 Her har vi passert Moltustranda. Svinøya langt der ute.















 Skorpa og Nerlandsøy.



 På Sandsøya var det ein lyngbrann.



 Svinøya zooma inn med telelinse.
Ein kan sjå blinket frå fyrlykta.




 Ein båt kom tøffande forbi.








Ei fantastisk oppleving for oss som ikkje er vande med slike fargar.
Med kaffe på termosen, noko godt og bite i og eit lunande pledd vart det ein magisk kveld.
Mørket hadde senka seg før vi rulla saman pleddet og tusla tilbake til bilen
mette av inntrykk og fargar. Dette gjer vi gjerne fleire gongar!

fredag 7. mars 2014

VÅRTEIKN


Eit sikkert vårteikn er hestehov eller leirfivel.
I år kom våren unormalt tidleg her på Sunnmøre. I grunnen så har vi
 ikkje hatt vinter i det heile teke.


Tidlegare denne veka gjekk mannen og eg ein tur langs Hovdevatnet.
Det var ein fin formiddag med bleik vårsol som varma godt allereie. Etter kvart skya det litt til
og det vart litt vind. Men før det rakk me å ta nokre fine bilde.


Me tok av frå vegen og rusla opp gjennom lia.



 Ei staselig bjørk som ruva godt i terrenget.






 I enden av marka kom me til denne koselige plassen.
Så her måtte me ta ein liten rast og nyte vårsola og utsikta.






 Ein gamal mosegrodd steingard vert som eit lite kunstverk.











 Ei mosegrodd rot kan med litt fantasi verte til eit dyr:)



fredag 17. januar 2014

FUGLAR PÅ FORINGSPLASSEN






























Her har eg knipsa nokre av gjestane på foringsplassen rett utanfor stoveglaset.
Synest det er så kjekt å følge med og sjå kva slags fuglar som kjem på vitjing.
Har brukt den nye linsa mi som er ei kombinert tele-og macrolinse.
På dei tre øverste bileta er det svartetrasten -hoe og hanne som smakar på
godsakene.  Vidare er det blåmeis som elskar dei heimelaga meisebollane og
nøtteposen eg har hengt ut. På siste biletet er det raudstrupa eg har greidd å fange
med linsa. Raudstrupa er ein veldig vâr fugl og flyg avgarde ved den minste
bevegelse. Men sidan eg brukte telelinsa kunne eg stå litt inne i romet og då gjekk det bra.
Alle bilete er teke gjennom vindauget.

lørdag 11. januar 2014

VÅRLEG VINTER
































Litt bilete frå ein vårleg vinter på Sunnmøre. 
Bileta er tekne 1.januar og mildveret varte til i går. I dag har det vore 7 minus
og bittelitt snøfall.

mandag 4. november 2013

UT MOT HAVET....


I dag skal eg ta dykk med på nok ei reise ut mot havet.
Og eg må berre advare..... her er mange bilete! Det vart rett og slett vanskeleg å velgje
mellom alle dei vel 200 bileta eg tok! Minnebrikka vart fylt til randen
og eg måtte til å slette litt for å få plass til meir! Her trengst det større minnebrikke!

 Nok ein gong tok vi turen gjennom Eiksundtunnelen og til Herøy - der var nemleg fleire plassar vi
ikkje har vore tidlegare og som vi ikkje rakk over sist. Denne søndagen tok vi turen til 
Moltustranda. Fyrste stopp var småbåthamna der.
Øyane ein ser på biletet er Nerlandsøy til høgre og Skorpa til venstre.



 Vêret viste seg frå si beste side denne første søndagen i november.
Og for oss som er vande med fjordar og høge fjell vart det ei fantastisk oppleving å kome ut
til havgapet og møte dette storslåtte synet! Lyset var berre heilt magisk !


 På eit lite skjer rett utanfor hamna sat ein skarv og lufta vengjene sine!



 Heldigvis hadde mannen med telelinse denne gongen så då fekk eg låne den!



 Den brukte eg også til å zoome inn Svinøya.



 Her har vi køyrt litt lenger og stansa på ein plass der det var nokre gravrøyser i strandkanten.
Der var det greitt å kome seg heilt ned til fjøresteinane. Det bles friskt og bårene slo godt
inn mot land. I bakgrunnen ser ein Nerlandsøy (der det er mest hus).



Å liggje på kne mellom store rullesteinar, med kameraet retta mot bårene som kom
rullande innover mot land var litt av ei oppleving! 






 Eit av favorittbileta mine.



Ikkje dumt dette heller. Her ser ein sjøsprøyten som går høgt til vers!




 Blankpolerte steinar.
Sandsøya i bakgrunnen.



 Spektakulær utsikt.
Sandsøya midt i biletet og til høgre.
Dette er teke like før Gjerdsvika.


 Nordenden på Sandsøya.



Utsikt og fargar til å misse pusten av!



Her har vi køyrt fordi Gjerdsvika og stoppa på eit nes. 
Sandsøya til høgre.



Og her har vi komt tilbake til Eiksund.
Vakker novembersol!



Naustrekkja solar seg i den bleike ettermiddagssola.
I bakgrunnen den majestetiske Liadalsnipa.

Håper du likte rundturen:)