VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

lørdag 13. oktober 2012

GYLDEN HAUST

Vi har hatt nokre fantastisk flotte haustdagar her på Sunnmøre i det siste. Gyldne haustfargar mot knallblå himmel er utruleg vakkert og inspirerer til å ta med kameraet ut på tur.
Det gjorde eg og mannen i dag. Vi tok rett og slett beina fatt og gjekk mot Hovdevatnet på jakt etter fine motiv. Og det var det sanneleg ikkje vanskeleg å finne.














Helgehornet speglar seg i  det blikkstille Hovdevatnet. Stort vakrare enn dette kan det vel ikkje verte..........












Her er det Melshornet som får spegle seg.........



 Fisking på Badeberga.........



Mot Ytrestøylen. Fjella i bakgrunnen er i Volda kommune.




Idyll ved Badeberga.















Alle bilde kan klikkast større.


Slik haust som dette har vi ikkje hatt på mange år. Så her er det berre å nyte dagane og suge inn alle dei nydelege fargane og ikkje minst den gode lukta av haust. Synd at ikkje den kjem med på bilda!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!