VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

tirsdag 1. januar 2013

1.JANUAR 2013



Eg er så heldig at eg bor slik til at eg kan berre ta på meg skoa og gå rett ut i naturen. I romjula gjekk eg langs vegen ut til Hovdevatnet, idag tok eg av etter eit par hundre meter og gjekk gjennom skogen slik at eg kom til andre sida av vatnet. Der er flotte turstiar så med mildveret som har vore siste dagane gjekk det fint å gå der. Rett nok litt isete her og der men då er det berre å gå ved sidan av stien.


 Mot Ytrestøylen.


Lidaveten til venstre, Liadalsnipa til høgre. Når du kjem frå Ålesund og køyrer mot Ørsta vil Liadalsnipa vise seg som ein høg og majestetisk topp, eit landemerke.





















Det var ikkje vanskelig å finne fine motiv denne formiddagen 1.januar. Etter ei lang jule- og nyårshelg var det godt å røyve på kroppen. Eg likar aller best å gå i naturen og med den nye kameraveska går det som ein leik!



1 kommentar:

  1. Åååååå kor fine bilde. Alt blir så flott å sjå på til og med mosegrodde steinar. For ein flott natur vi har her!!!! Vakkert.
    Så ser eg du har fått til å fanga nyttårsfeiringa også. Supert. Såg i avisa i dag fleire som hadde sendt inn nyttårsbilde.

    Gled meg til eg kan prøve meg på tur med nyekameraet. Vert vel fiasko med meg :D Det er no heilt likt seg.

    Klem MarJE.

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!