VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

fredag 18. oktober 2013

TÅKE


Sist søndag var ein strålande flott haustdag.
Men det starta ikkje slik.
Vi vakna til ganske tett tåke som ikkje heilt ville lette.
Det letna litt og tetna så til att.
Men eg og mannen bestemte oss likevel for å dra på fototur,
tok sjansen på at det kanskje var lettare i indre strok.

 Vi la i veg innover mot Austefjorden og kom raskt over tåka.
Køyrde ikkje så veldig langt før vi tok første stopp for fotografering.
Her er det Hjartåbygda som stikk ut av tåkehavet.



 Litt lenger inne vart det stopp for raudt lys pga. vegarbeid
og då nytta eg høvet til å knipse litt.
Her mot Høydalen.



 Så vart det eit stopp i Selvikhamrane med utsikt mot Håvika.



 Neste stopp var ved Aurstad og her ser vi tåka er i ferd med å løyse seg opp.
Det gav ei trolsk stemning.



 Aurstad mot Hamre i Austefjorden



 Litt lenger inne mot Fyrde har tåka løyst seg opp opp den er nesten vekk.
Her ser vi over mot Skinnvika.



 Utover mot Aurstad ligg det enno att litt tjukk tåke.



 Storevatnet ved Nes låg så blankt at sola og tåkedottane spegla seg i det.







Storevatnet med utsikt mot Gjersdalen.

Og det var det siste vi såg av tåka.
Lenger inn i fjordane var det strålande sol og klarver!

2 kommentarer:

  1. Eg finn ikkje ord for å beskrive dei vakre bilda.
    Skodda er spennande og gir fantastiske detaljar..
    For meg er det spesielt kjekt å sjå bildet av Hjaråbygda der mor mi kom frå Åsen, toppen av bygda.
    Du har nok fantastisk godt fotoutstyr som får så gode resultat, i tillegg til dyktigefotografar sjølsagt :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilete!
    Og tåka gav ei flott effekt :-)

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!