VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.
fredag 8. mars 2013
DET VÅRAST!
Endeleg er vi komne til mars - fyrste vårmånaden! Det har vel vore meir vinter enn vår så langt i mars, men dei små teikna på at våren er i anmarsj er der. Dei siste dagane har vi hatt eit strålande
ver med sol frå skyfri himmel og med kalde netter. I dag tidleg var det 9 kalde grader.
Dei fyrste bileta er tekne frå småbåthamna i Ørsta i ettermiddag. Dei to siste er frå strandlinja på Ose. På det neste siste har eg kameraet vendt mot Hovdebygda, på det siste har eg snudd meg andre vegen. Det viser Ørsta sentrum og fjellet Saudehornet heilt til høgre.
mandag 25. februar 2013
KVELDSTUR
Det har vore nokre fantastisk flotte dagar her i det siste. I dag var eg så heldig at eg var tidleg
ferdig på arbeid , så då rakk eg ein tur etter middag før det vart mørkt. Og kameraet måtte
sjølvsagt vere med. Turen gjekk ut til Hovdevatnet - der har eg vore fleire gongar og teke
bilete. Båten på fyrste bilda har eg foreviga før, men i dag var det eit heilt anna lys enn
sist. Eg mørkna nesten ute, men så kom månen fram og var så stor og rund at det
var eit syn! Måtte skunde meg heim og rigge til med stativ og fjernutløysar
for alle bilete eg tok av den på veg heim vart uklare.
fredag 8. februar 2013
HIMMELEN I BRANN
Det var eit fantastisk syn som møtte meg idet eg kom ut frå matbutikken på veg heim frå arbeid.
Lukkelegvis hadde eg kamera i bilen - det som var dumt var at det vart tomt for batteri.
Skulle til å skifte innstilling - då var det ikkje råd å ta fleire bilde.
torsdag 24. januar 2013
BLÅTIME
Det er framleis kalde dagar her hos oss og mange flotte motiv å finne.
I dag svinga eg meg nedom hamna på veg heim frå arbeid for å knipse nokre bilde.
Har visst teke mange bilete med desse fjella i bakgrunnen, men slik vert det når eg køyrer forbi kvar dag og ser kor flott det er ut gjennom fjorden og har kamera i bilen!
fredag 18. januar 2013
KALDT OG VAKKERT
Det er kaldt og vakkert på Sunnmøre for tida.
Desse bileta er tekne ved badeplassen i Ørsta der utsikta ut gjennom fjorden er fantastisk! Og med slikt eit lys var eg overlukkeleg for å ha kamera i bilen. Bileta er tekne i skyminga i dag på veg heim frå jobb og temperaturen låg på 9 minus.
Lukka var stor då eg gjekk ut av bilen og oppdaga svanene som låg i strandkanten.
Desverre trekte dei seg litt utover då eg forsiktig nærma meg dei. Skulle ønske eg hadde telelinse,
men det har eg altså ikkje.......
Tips: klikk på bilda så får du sjå dei i større format.
tirsdag 1. januar 2013
1.JANUAR 2013
Eg er så heldig at eg bor slik til at eg kan berre ta på meg skoa og gå rett ut i naturen. I romjula gjekk eg langs vegen ut til Hovdevatnet, idag tok eg av etter eit par hundre meter og gjekk gjennom skogen slik at eg kom til andre sida av vatnet. Der er flotte turstiar så med mildveret som har vore siste dagane gjekk det fint å gå der. Rett nok litt isete her og der men då er det berre å gå ved sidan av stien.
Mot Ytrestøylen.
Lidaveten til venstre, Liadalsnipa til høgre. Når du kjem frå Ålesund og køyrer mot Ørsta vil Liadalsnipa vise seg som ein høg og majestetisk topp, eit landemerke.
Det var ikkje vanskelig å finne fine motiv denne formiddagen 1.januar. Etter ei lang jule- og nyårshelg var det godt å røyve på kroppen. Eg likar aller best å gå i naturen og med den nye kameraveska går det som ein leik!
GODT NYTT ÅR!!!
Med desse bileta vil eg ynskje godt nytt år til alle som finn vegen innom fotobloggen min!
TAKK FOR BESØKET OG
VELKOMMEN ATTENDE!
Helsing frå Alvhild B.S.
Abonner på:
Innlegg (Atom)