VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

fredag 18. januar 2013

KALDT OG VAKKERT










































Det er kaldt og vakkert på Sunnmøre for tida.
Desse bileta er tekne ved badeplassen i Ørsta der utsikta ut gjennom fjorden er fantastisk! Og med slikt eit lys var eg overlukkeleg for å ha kamera i bilen. Bileta er tekne i skyminga i dag på veg heim frå jobb og temperaturen låg på 9 minus.

Lukka var stor då eg gjekk ut av bilen og oppdaga svanene som låg i strandkanten.
Desverre trekte dei seg litt utover då eg forsiktig nærma meg dei. Skulle ønske eg hadde telelinse,
men det har eg altså ikkje.......

Tips: klikk på bilda så får du sjå dei i større format.

2 kommentarer:

  1. Heilt nydelige bilde. Det er eit supert vær til å få flotte motiv i. Men kun det også...alt for kaldt til tobeinte frysekjeppa.
    Dei sa det var eit slikt flott nordlys i går. Eg såg det ikkje...kanskje det var meir ut i øyane det var.

    Helsing frå amatør knipsern.


    SvarSlett
  2. Aldeles nydelege bilde !!
    Eg likar også å fotografere. Kan for lite, har meldt meg på kurs for
    nybegynnarar med start i februar.
    Fint her på Sunnmøre no, men kaldt.
    Eg bur i nabokommuna di, ut mot havet, og syns det er forferdeleg
    kaldt sjøl om det er berre 6-7 gr.

    Legg meg til som fylgjar på denne bloggen òg :)
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett

Veldig kjekt at du legg att ein hyggelig kommentar!